A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fotoutstilling

Fotoutstillinga Årdal – hva? Fotografi 2009- 2010

Forfattaren Agnar Mykle besøkte Årdal i 1950 og skreiv artikkelen «Årdal Verk. Sosialisme eller hva?». Han karakteriserte det som var i ferd med å skje, med orda: «Slaget om Norge utkjempes i dag i første rekke i Årdal».

I åra 2009 – 2010 besøkte fotografane Leif Gabrielsen, Jiri Havran og Raymond Mosken Årdal ein rekke gongar. Utstillinga «Årdal – hva?» og boka med same namn er resultatet av dette prosjektet. Tida er ei anna enn når Mykle levde, men industrien og årdalssamfunnet har gått vidare.

Fotografane har fanga inn korleis Årdal har utvikla seg etter 1950- talet. Dei syner oss Årdal av i dag frå tre ulike vinklar: Landskap, bygningar og menneske. Dei har fotografert frå fly, på skuleplassar, i produksjonslokale, eller andre stader som syner årdølene sin kvardag.

I samfunnshuset i Øvre byggjer Sogn og Fjordane Kunstmuseum (med god hjelp av ein lokal snikkar!) eit utstillingsrom inne i festsalen. Her skal fotografia stillast ut.

Laurdag 13.desember vert det opning av utstillinga med fotografane, kurator Per Bjarne Boym og direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum til stades. Rådmann Ingvar Laberg vil foreta den offisielle opninga på vegne av kommunen, og det vil bli kulturelle innslag ved elevar frå musikk- og kulturskulen.

Utstillinga er gratis, og eit uvanleg høve til å sjå fotokunst av høg kvalitet – med kjende motiv!

Samfunnshuset Øvre Årdal 13. november – 12. desember.

Utstillinga vil vere open alle kvardagar mellom 10.00 – 15.30 og måndag og torsdag frå 10.00 til 18.30. Fotoboka kan kjøpast på utstillinga.

Tips ein ven Skriv ut