A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fotokonkurranse med klimaomstilling som tema.

Fotokonkurranse 2017 - klimaomstilling_256x360

Vil du vere med å skape blest om klimaarbeid og -omstilling i Sogn og Fjordane?
Dra på jakt med kameraet ditt i haust og vinn 5000 kr og ei framside.
Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse med klimaomstilling som tema.

Dei innsende bileta skal syne eitt eller fleire motiv ein meiner fortel noko om korleis vi best bur oss på dei klimatiske endringane som kan kome. Korleis vi kan omstille oss til eit grønare, smartare og betre samfunn?

Fristen for å sende inn bilete er 6. november.
 
Kva er klimaomstilling? 
Klimaomstilling er den heilskaplege samfunnsendringa vi treng for å kunne skape eit samfunn med lågare utslepp, og der vi er budde på klimatiske endringar som kjem. Du avgjer kva klimaomstilling er for deg! Det kan vere sikring mot ras, dritvêr, klimavenleg landbruk, kortreist mat, kjøtfri mat, sirkulær økonomi, gjenbruk, sykkelveg, elbil, elsykkel eller hybridbåt. Motiva er mange. Vi oppmodar alle til å nytte både kreativitet, fantasi og kunnskap til å tenkje ut og ta bilete av gode motiv.
Treng ein meir inspirasjon, kan du lese meir om klimaarbeidet i fylkeskommunen her.

Premiar
Det blir plukka ut ti finalistar.
Vinnarbiletet vinn 5000 kr og blir framsidebilete på den nye regionale planen for klimaomstilling, som Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtek i 2018. 
Dei andre finalistane vinn premiar på 500 kroner. Alle bileta som blir sende inn kan bli nytta som illustrasjonar i klimaplanen og til anna profilering av Sogn og Fjordane fylkeskommune.
 
Konkurransen er open for alle. 
 
De finn meir informasjon og konkurransereglane på sfj.no/fotokonkurranse.
 
Vi håpar mange vert med i konkurrensen og dreg på jakt med kameraet sitt i haust.


Med helsing
Mie Dahl Pind
rådgjevar, fylkesrådmannen - stab
Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tips ein ven Skriv ut