A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Forskrift om minsteareal for hjort og elg - høyring

Det ligg føre sikt utkast til Forskrift om minsteareal for hjort og elg i Årdal kommune.

Fastsett av Årdal kommunestyre med heimel i lov 29.mai 1981 nr 38 om jakt og fangst av vilt (viltlova) §16 og forskrift av 22.mars 2002 nr. 314 om forvaltning av hjortevilt og bever §4 og §5.  

  1. Det er høve til å drive jakt på hjort og elg i Årdal kommune.
  2. Minsteareal for godkjenning av hjortevald vert fast sett til 1000 daa i valdområde 6 (Vikadalen).
  3. Minsteareal for godkjenning av hjortevald vert fastsett til 1500 daa i valdområde 4 (Utladalen)
  4. Minsteareal for godkjenning av hjortevald vert fastsett til 1200 daa i valdområde 1, 2, 3 og 5 (Offerdalane, Seim-Hæreid-Nundal, Fardalen og Moen-Vee-Geisdalen).
  5. Minsteareal for godkjenning av elgvald vert fastsett til 10 000 daa.
  6. Denne forskrifta trer i kraft frå det tidspunktet den er kunngjort i Norsk Lovtidende.  
 
Høyringsfrist er fram til 10.februar 2011.
 
Merknad kan sendast til:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
Tips ein ven Skriv ut