A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Formannskapsmøte 2. desember

Formannskapet har siste møte i 2014 tysdag 2. desember kl. 12.00 i kommunestyresalen.


Saker som skal handsamast er;

091/90    Godkjenning og signering av møteprotokoll  
092/90    Delegasjonssaker

093/90    Dispensasjon frå føresegn om plassering av tiltak innanfor 4-metersgrensa mot nabo (§ 29-4 i plan- og bygningslova) - Kvevegen 5
Nordbohus Sogn AS har sendt inn endringssøknad datert 03.10.14 for tiltak i Kvevegen 5. Føretaket søker om dispensasjon frå føresegn i plan- og bygningslova (pbl) § 29-4 som seier at tiltak skal plasserast minst 4-meter frå nabogrensa. Omsøkte tiltak er plassert inntil 1,35 m frå nabogrensa

094/90    Dispensasjon frå reguleringsføresegner i reguleringsplan for Farnes sentrum - Storevegen 24
Fjord og Fjell Eigedom AS søker om dispensasjon frå reguleringsplan for Farnes sentrum (1996) for å nytte 1. etasje der apoteket før var til bustad.
    
095/90    Siste framlegg til nye adressenamn frå namnenemnda i Årdal kommune
Saka gjeld vedtak av høyringsframlegg til nye adressenamn for hytteområda i Tyedalen og på Seimsåsen, samt nytt adressenamn for Haugavegen på Årdalstangen. I tillegg har nemnda endra eit adressenamn i Vikadalen etter merknader som kom til høyringa i førre runde.

096/90    Høyring - framlegg om å oppheva Konsesjonslova og buplikt
Landbruks- og matdepartementet tilrår å oppheve Konsesjonslova og bestemmingar i Odelslova som gjeld buplikt. Konsesjonslova gjev bestemmingar om at den som overtek ein eigedom må få løyve frå det offentlege for å vere eigar. Formålet er å regulere omsetning av fast eigedom for å oppnå eit effektivt vern om landbruket sitt produksjonsareal og sikre eigar- og bruksforhold som er mest gagneleg for samfunnet. Vert lova oppheva gir storsamfunnet frå seg muligheiter til vern av viktige fellesgode. Endringane i Odelslova vil føre til at alle reglar om buplikt blir oppheva. Rådmannen tilrår ikkje å gå inn for fjerning av Konsesjonslova og buplikta i Odelslova.

097/90    Naddvik Sankelag og Lærdal sankelag - søknad om motorferdsel i utmark - snøscooter
Naddvik sankelag og Lærdal sankelag søkjer om løyve til å nytta snøscooter i samband med
frakt av åte, jegerar og tilsyn av jervebås i perioden for lisensjakt på jerv. Rådmannen tilrår, med vilkår, å gje løyve.

098/90    Lett rullering av Idretts- og anleggsplan 2014    
Prioritering av anlegg til søknad om tippemidlar.

099/90    Økonomisk Rapportering 2014 - pr oktober m/prognose   
I samsvar med økonomireglementet legg rådmannen fram ein økonomisk rapport pr. 31.10.14 og prognose 31.12.14, til formannskap/kommunestyre. Det rekneskapsmessige mindreforbruket (overskotet) er på om lag kr. 5,2 mill i høve periodisert budsjett pr. 31.10.14.

100/90    Arbeidsgjevarpolitikk i Årdal kommune - rullering av strategisk plan for perioden 2015 - 2018
Vedta ny arbeidsgjevarpolitikk for perioden 2015-2018.

101/90    Revisjon av vedtekter for kommunale barnehagar i Årdal
Revidering av Vedtekter for Årdal kommunale barnehagar

102/90    Vedtektsendringar skulefritidsordninga    
Endring av vedtekter for SFO opphald og opningstider.

103/90    Budsjettendringar investeringsbudsjett 2014
Budsjettendringar knytt til vedteken investeringsrekneskap for 2014.
 
104/90    Budsjett 2015 - Økonomi og handlingsplan 2015 - 2018
I medhald av av kommunelova § 45.3 og § 11.1 og 11.4 i plan og bygningslova, skal framlegget frå formannskapet leggast ut til alminneleg ettersyn i minst 14 dagar før det vert handsama i kommunestyret. Formannskapet skal handsame budsjettdokumentet før utlegging.

105/90    Årets årdøl og Kulturprisen 2014    Ikkje offentleg

Tips ein ven Skriv ut