Formannskapet har møte tysdag 19. mars

Møtet startar kl. 14.00 i kommunestyresalen og nokon av sakene som skal handsamast denne gongen er;

024/13 Lokal adresseforskrift - offentleg høyring
I samband med at Miljøverndepartementet har lagt fram tilråding om intensivering i overgang frå matrikkel til offisielle adresser i form av vegadresser har Sogn Regionråd oppretta eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane i regionrådet.

025/13 Fritak for eigedomsskatt 2013 - lag og organisasjonar
Kommunestyret kan frita eigedomsskatt etter § 7 a), b) og d) i lov om eigedomsskatt. Årdal kommune har motteke 12 søknadar om fritak for eigedomsskatt for skatteåret 2013.

026/13 Søknad om bruksendring og dispensasjon frå reguleringsplan for Sitla Hotell AS, Gnr 9, Bnr 55 
Arkitektkontoret Erling Haugen har, på vegne av Sitla Hotell AS, søkt om bruksendring og mellombels dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for hotellet;  Reguleringsplan for Riksveg 53 - Veesletta.
Det vert søkt om dispensasjon for å nytte hotellet som asylmottak for mottak av flyktingar. 

Ynskjer du å lese meir om sakene så finn du sakspapir og vedlegg i innsynsportalen vår.

Tips ein ven Skriv ut