A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Formannskapet handsamar samhandlingsreforma

Formannskapet skal i møte 18. januar handsame kommunen sin høyringsuttale til samhandlingsreforma.

Samhandlingsreforma vart vedteken i Stortinget i april 2010. Målet med reforma er å redusera helseskilnader, og å utvikla eit likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester uavhengig av diagnose, alder, bustad osv. 

For å dempa veksten i sjukehustenester skal kommunane overta ein større del av helsetenestene, førebygging og tidleg innsats skal vektleggjast og brukarane skal møta eit heilskapleg og samanhengande helse- og omsorgstilbod gjennom forpliktande samarbeidsavtalar og avtalte behandlingsløp mellom spesialisthelsetenesta og kommunale helsetenester.

Rådmann tilrår formannskapet til å vedta Høyringsuttalen slik den vert lagt fram.

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) la 18.oktober 2010 fram forslag til ny helse og omsorgsplan, 2011-2015, ny folkehelselov og ny kommunal helse- og omsorgslov.

Høyringsfrist er sett til 18.januar 2011 og planen er at dei nye lovene skal iverksetjast frå 1.januar 2012.

Tips ein ven Skriv ut