A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Forlik i eigedomsskattesak

Den 24. juni vart det inngått utenomrettslig forlik mellom Hydro Aluminium AS og Årdal kommune.


Hydro tok ut stevning mot Årdal kommune i mai 2013. Hydro krevde tilbakebetalt eigedomsskatt for perioden 2002-2011 med minimum kr 87 millionar, med tillegg av renter. Hydro krevde òg at Årdal kommune skulle betale Hydro sine saksomkostningar.

Kommunen har fleire gonger bedt Hydro om å trekkje saka. Hydro tok etterkvart initiativ til eit forlik. Etter forhandlinger partane imellom om vilkåra i forliket, fekk kommunestyret saka til handsaming den 19. juni.

Innhaldet i forliket
Forliket inneber at:

  • Hydro får redusert sin innbetaling av eigedomsskatt med 1 million kvart år i 8 år i perioden 2014 – 2022
  • Partane dekkjer sine saksomkostningar sjølv
  • Hydro droppar krav om å få dekka kr 2,6 millioner i saksomkostningar knytt til ein klagesak om nytt eigedomsskattegrunnlag
  • Hydro aksepterer eigedomsskattegrunnlaget som er fastsett fram til neste alminnelige omtaksering i 2022.

Kommunen sine vurderingar
Kommunen la til grunn vårt advokatkontor sine råd om å inngå forlik. Både Hydro og kommunen meinte å ha ei god sak. I ei rettssak vil ein aldri kunne forutsjå kva retten konkluderer med. Ein dom kan påklagast, og dermed kan den rettslege handsaminga trekke ut over fleire år. Dette er uforutsigbart for kommunen. Ei rettssak vil ha krevd menneskelege ressursar, teke mykje tid og fokus, samt vere ein økonomisk byrde. Kommunen ønskjer å ha eit godt forhold til Hydro, og vil gjera det me kan for å utvikla Hydrobedrifta og Årdalssamfunnet.

Konklusjon
Etter ei totalvurdering er kommunen overbevist om at forliket er ei fornuftig avslutning på saka.

For meir informasjon kontakt ordførar Arild Ingar Lægreid.

Tips ein ven Skriv ut