A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Foreldreførebuande kurs - svangerskapskurs

Helsestasjonen i Årdal inviterer til svangerskapskurs for gravide m/partner.

Å få eit nytt familiemedlem gir store endringar i kvardagen. Gleder, uro, bekymring og utfordringar går hand i hand, og kanskje kan dette svangerskapskurset førebu kommande foreldre litt på tida som kjem. Det vil verte tid til spørsmål og diskusjon, me vil servere frukt og kaffi, og me håpar det vert ei kjekk stund to mandagar på rad.
 
TID: Mandag 25.02.19 og mandag 04.03.19 kl 16.30 – 18.00.
STAD: 2.etg Helsehuset, grupperom venterom til helsestasjonen.
 
PROGRAM Fyrste dag 
Helsestasjonstilbodet v/ helsesjukepleiar
Førebuing til fødsel v/ jordmor
Aktivitet før og etter fødsel v/ fysioterapeut
 
Andre dag
Parforholdet/ den nye familien v/ psykolog frå familievernkontoret
Vanskar i familien v/ helsesjukepleiar
Tilknytning til barnet v/ helsesjukepleiar
 
Påmelding: send sms til jordmor Kjersti J. Dolmen på tlf 95 07 01 34, eller til helsestasjonen på tlf 46 93 66 31/ 95 22 20 51.
 
VELKOMMEN
Tips ein ven Skriv ut