A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Forbod om bruk av open eld og bålbrenning

Gjeld i tida mellom 15. april og 15. september.

Forbodet gjelder følgjande typar brenning:

- Alle former for open eld og bål i eller i nærleiken av skog og mark.
- Alle former for open brenning av kvist, halm og annet virke i landbruket, anna næring og hjå private.

Andre former for aktivitetar og arbeid som indirekte kan forårsake antenning kan inntil vidare gjennomførast om det etter en nøye risikovurdering er funne forsvarleg, samt at det vert gjennomført naudsynte brannførebyggande tiltak.
Vedtaket er heimla i brannlova § 14.

Ynskjer ein å brenne mindre bål kan ein ta kontakt med brannsjefen.

Hageavfall
Du kan einkelt kvitta deg med hageavfall ved å laga kompost eller levera til gjenvinning.

Kompost er eit godt alternativ
Ved brenning av hageavfall går verdifull materiale tapt. Planteavfall kunne heller bli til kompost og komma til nytte som gjødsel og jordforbedringsmiddel. Ein einkel hagekompost er lett å laga:

Legg alt avfallet i ein haug. Litt ryddigare blir det dersom du lagar ein karm rundt, for å holda haugen på plass.

Enkelt å levere til gjenvinning
Husk også at hageavfall enkelt kan leverast inn hos Sunde Resirk, eller i graskonteinarane som er plasserte rundt om i bygda.

Tips ein ven Skriv ut