Førehandsrøysting

Vallogo

Dersom du ønskjer å førehandsrøyste til kommune- og fylkestingvalet, kan du gjere det i tidsrommet 10. august – 11. september på følgjande stader:


Tenestetorget, rådhuset (Årdalstangen):
Måndag til fredag kl. 0800 - 1400

Biblioteket, Årdal kulturhus (Øvre Årdal):
I opningstida til biblioteket i veke 35, 36 og 37;

Måndag: stengt
Tysdag: 11.00 – 16.00
Onsdag:11.00 – 16.00
Torsdag:11.00 – 18.30
Fredag: 11.00 – 16.00
Laurdag 5. september: 11.00 – 15.00.

Årdal sjukeheim og Seimsdal sjukeheim:
Måndag 7. september kl 09.00 – 11.30

Årdal bu- og omsorgssenter
Onsdag 9. september kl 12.30 – 15.00

Ambulerande røysting:
Velgjarar som grunna sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøyste på dei oppsette stadene, kan søkje valstyret innan 7. september om å få førehandsrøyste i heimen eller der dei oppheld seg. Ta kontakt pr. telefon 57 66 52 20, epost: val@ardal.kommune.no eller pr. post til Årdal kommune, Valstyret, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

Leiar i valstyret i Årdal
Arild Ingar Lægreid

 

Valinformasjon frå regjeringa

Tips ein ven Skriv ut