A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Førehandsrøysting frå 12. august - 6. september

Dersom du ynskjer å førehandsrøyste kan du gjera det i tidsromet 12. august – 6. september.

Er du forhindra frå å røyste på valdagen, kan du førehandsrøyste i tida frå og med måndag 12. august til og med fredag 6. september. Om du førehandsrøystar, kan du ikkje røyste på nytt valdagen. Hugs å ha med valkort og legitimasjon.

Du kan førhandsrøyste her:
Tenestetorget i rådhuset på Årdalstangen: måndag - fredag kl. 08.00 - 14:30.
Årdal bibliotek i Øvre Årdal: veke 34, 35 og 36 i biblioteket si opningstid.

Årdal bu- og omsorgsenter: Måndag 2. september.
Sjukeheimane på Årdalstangen og i Seimsdalen: Måndag 2. og onsdag 4. september.

Høyrer du til i ein annan kommune?
Du kan førehandsrøyste i kva som helst kommune i heile landet. Du kan difor røyste i ein annan kommune enn der du bur/er manntalsført.
Du kan også førehandsrøyste i utlandet. Meir informasjon om røystegjeving utanriks kan du finne på www.valg.no. På sjølve valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført i etter 30. juni 2013.

Sametingsvalet
Dei som skal røyste til sametingsvalet kan kun førehandsrøyste i Årdal kommune. Ta med legitimasjon og valkort til førehandsrøystinga.

Ambulerande røystegjeving - søknadsfrist 2. september kl. 15.00.
Veljarar som har nedsett funksjonsevne eller på grunn av sjukdom ikkje kan røyste der det er førehandsrøysting eller valting, kan etter søknad til valstyret avgje førehandsrøyster heime.

Søknaden kan sendast skriftleg til:
Årdal kommune, Valstyret, Postboks 40, 6881 Årdalstangen

 

Tips ein ven Skriv ut