A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Flott innsats på fylkesmønstringa til UKM

To innslag fra Årdal gjekk vidare til landsfinalen i Larvik 23.-27. juni
  • 1
  • 2

20. - 21. april gjekk fylkesfinalen i UKM av stabelen i Førde. 13 unike ungdommar var vidaresendt frå Årdal.
Saman med ca 300 ungdommar frå fylket var dei samla til ei forrykande helg! Ein kan miste pusten av så mange utruleg flinke ungdommar!

Det starta med med offisiell opning av kunstutstillinga kl.1100 laurdag, og førestillingar kl.13 og kl.19. Det var og markering av 250 års jubileet til Sogn og Fjordane fylke kl.18 laurdag med opptog av alle ungdommane frå dei forskjellige kommunane i fylket.

Sundag var det nye førestillingar kl.12 og kl.17. Årdal hadde i utgangspunktet med 5 sceneinnslag og 4 kunstinnslag og hadde framsyningar både laurdag og sundag. Dessverre måtte eine innslaget på scena gå ut, grunna skade på utøvar. Dei som var med gjorde ein super innsats frå scena!

Nokre av ungdommane var med på workshop utanom førestillingar. Mathias Hansen og Aleksander Kinserdal var med på BRAK sin workshop om produksjon laurdag, og Eline Noren var med på kunstworkshop, tresnitt og materialtrykk, laurdag og sundag.

Elles var dei opptekne med diverse spel, bading, film, flørting og mykje anna. Det var overnatting på flatseng i idrettshallen.

Sundag kveld fall avgjersla om kven som gjekk vidare til landsfinalen, som i år går av stabelen i Larvik 23. - 27. juni. Stor var gleda da det vart kunngjort at Årdal gjekk vidare med TO kunstinnslag: 

Jenny Hatlelid Holsæter sin biletserie: Ingen sa at livet var lett og Tru meg Johanne Nyborg
Lotte Bukve Kjødnes sin biletserie: Three wise monkeys

Vi ynskjer dei lykke til i Larvik og takkar alle for ei flott helg i Førde!

Gunnvor Haug Moen

Tips ein ven Skriv ut