A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Finansutval og formannskapsmøte 3. oktober

Det vert ordinært formannskapsmøte torsdag 3. oktober. I tillegg skal Finansutvalet samlast på møte frå morgon av.

Finansutvalet skal handsame saker knytt til den økonomiske situasjonen som kommunen er i og har budsjettstatus, tiltaksliste og vidare utfordringar på saklista.

Formannskapet har fleire saker denne gongen og skal mellom anna handsame:

Revisjon av fylkesdelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014 - 2017:
Sogn og Fjordane fylkeskommune har ansvar for å vedta regional plan. Saka er no ute på høyring med svarfrist 1. oktober. Planen dannar grunnlag for tildeling av spelemidlar til rehabilitering og nyanlegg i kommunane i fylket. For Årdal sin del er det to anlegg som er i posisjon for å kome inn i planen; stall til ridesenteret i Seimsdalen og nytt klubbhus for Årdal fotballklubb på Jotun stadion. I tillegg dannar Årdal kommune sin eigen plan grunnlaget for utvikling av idrettsanlegg i kommunen.

Mottak av flyktningar
Det er stort behov for busetjing av flyktningar, per april venta 4400 godkjente flyktningar i statlege mottak på tildeling av busetjingskommune. Dette er ein auke på 1000 personar frå same tid i 2012. Årdal er bedt om å busetje minimum 15 flyktningar. Årsaka til den sterke auken er at fleire får lovleg opphald i landet.

Uttale til regional transportplan for Sogn og Fjordane 2014 - 2023
Sogn og Fjordane fylkeskommune har sendt planframlegg til regional transportplan (RTP) for
Sogn og Fjordane 2014-2017(23) på høyring. Planframlegget består av ein analyse- og
utfordringsdel og eit handlingsprogram.

Finansutvalet startar møte kl. 09.00 og formannskapet har møte frå kl. 12.00. Begge møta er i kommunestyresalen.

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut