Ferievikarar i tekniske tenester og friluftsbada

Sommarferie[5]

Me har ledig stillingar som ferievikarar sommaren 2018.
Søknadsfrist 19.03.2018.

Stillingane er delt inn i to periodar à 4 veker.
1. periode: 25.06.18 - 22.07.18
2. periode: 23.07.18 - 19.08.18
 
Desse stillingane gjeld fyrst og fremst for ungdommar som fyller 17 år i 2018, fødd i 2001, men i friluftsbadet kan og eldre enn 17-åringar søke.
 
PARK:
2 personar, 1 i kvar periode
 
RENOVASJON:
4 personar, 2 i kvar periode
Nærare opplysingar om stillingane i park og på renovasjon kan du få hjå Sven Erik Jevnaker mobilnr 959 89 343.
 
ASSISTENTAR TIL DRIFTSANSVARLIGE PÅ FDV
2 personar , 1 person i kvar periode.
Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Frank-Runar Øren mobilnr. 917 47 875.
 
BADEVAKTER I FRILUFTSBADA
Stillingane i friluftsbada er delt inn i 2 periodar, kvalifikasjonskrav til desse stillingane er god sømjedugleik, 
fyrstehjelpskurs m/livredning (opplæring vil bli gjeve).
Nærare opplysningar om desse stillingane kan du få hjå Frank-Runar Øren mobilnr. 917 47 875
 
Løn etter Hovudtariffavtalen. 
 
Ber om at de skriv kva stilling de søker på og kva for periode de ønskjer å arbeida i.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 19.03.2018
 
Kontaktperson
Marian Teigen, Konsulent, tlf: 459 77 834, e-post: marian.teigen@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut