A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ferievikarar i eldreomsorg sommaren 2018

Sommarferie[5]

Eldreomsorg treng i tida ca.11.06.18 - 19.08.18 ferievikarar i følgjande stillingar denne sommaren.
Heimehjelptenesta, Årdal sjukeheim, produksjonskjøkken, Seimsdal sjukeheim og heimesjukepleien.
Søknadsfrist 19.03.2018.

 

HEIMEHJELPTENESTA:
Heimehjelparar i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Det er arbeid på dagtid.
 
ÅRDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/ helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i pleie.Turnusarbeid.
 
PRODUKSJONSKJØKKEN:
Kokk/assistentar til arbeid på produksjonskjøkken og kjøkken ÅBO. Turnus.
 
SEIMSDAL SJUKEHEIM:
Sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar ( studentar/ elevar) og assistentar til arbeid i pleie Turnusarbeid.
 
HEIMESJUKEPLEIEN:
Årdalstangen har 1 sone (ute) og 1. etg. Årdal sjukeheim,  Øvre Årdal har 2 soner ( ute og ÅBO) Vi treng sjukepleiarar/hjelpepleiarar/omsorgsarbeidarar/helsefagarbeidarar, sjukepleiestudentar. Turnusarbeid. Må ha førarkort.
 
SØKNADEN MÅ INNEHALDE:
Namn, alder, adresse
Kvalifikasjonar
Kva stillingar og kvar du søkjer (i prioritert rekkefølgje)
Skriv i søknaden om du har førarkort.
 
Der det er turnusarbeid er det arbeid inntil kvar 2. helg Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar og HTA.
Søkjarar må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg, og må arbeide heile ferieavviklinga Politiattest vil verte krevd, jfr. Lov om helsetenester
 
Søkjarane må søkje elektronisk gjennom Rekrutteringsmodulen i Årdal kommune, jfr Søknadsprosedyre
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 19.03.2018.
 
Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, mobil: 94815663, e-post: hne@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut