A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ferievikarar i bu- og miljøtenesta sommaren 2018

Sommarferie[5]

Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar i tida ca.11.06.18 - 19.08.18 i Grandane bufellesskap, Øvstetunsvegen  bufellesskap, Uravegen bufellesskap, avlastningsbustad, personleg assistansetiltak og i psykisk helseteneste.
Søknadsfrist 19.03.2018.

 

Vi ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett funksjonsevne. 
 
Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokon arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter, medan ein i nokre tiltak berre arbeider lange vakter og medleverturnus.
 
Søkjarane bør helst vera over 18 år da det er turnusarbeid.
I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort.
 
Politiattest vert kravd framlagt, jfr. Lov om helsetenester
 
SØKNADEN MÅ INNEHALDE:
Namn, alder, adresse
Kvalifikasjonar
Kva stilling og kvar du søkjer ( i prioritert rekkefølgje)
Skriv i søknaden om du har førarkort.
 
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar og HTA Søkjarar må beherske norsk både munnleg og skriftleg Du må pårekne å arbeide heile ferieavviklinga. Dersom du skal avvikle ferie, må tidsrommet kome fram i søknaden.
 
Søkjarane må søkje elektronisk gjennom Rekrutteringsmodulen i kommunen, jfr. søknadsprosedyre.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg  deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt  passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 19.03.2018.
 
Kontaktperson
Helen Koldal, Ass. kommunalsjef, mobil: 99018532, helen.koldal@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut