A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ferievikar i SFO sommaren 2018

Sommarferie[5]

Me har ledig stilling som ferievikarar i SFO(skulefritidsordningen).
Søknadsfrist 19.03.2018

 
Me søkjer etter personar som er 17 år(2018) eller eldre, som er positiv, glad i barn og kan jobba sjølvstendig med  spennande aktivitetar både inne og ute.
 
SFO held open heile sommaren utan om veke 29 og 30, da er SFO stengt.
Opningstida  06.45-16.00 der arbeidstida er inndelt i vakter.
 
Du må kunne legge fram godkjent politiattest.
Løn etter hovudtariffavtalen.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 19.03.2018.
 
Kontaktperson
Ann Merete Sviggum, dagleg leiar SFO, tlf: 90573516, e-post: ams@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut