A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fellingskvoter for villrein 2014

Sogn og Fjordane villreinnemnd har gjort vedtak om fellingskvote i 5 villreinområde i fylket

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 02.04.2014, med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 10. Februar 2012, §§ 20 og 21, gjort fylgjande vedtak:

Svartebotn villreinområde
Det vert tildelt 13 løyver i Svartebotn villreinområde, med slik fordeling på alder og kjønn: 4 valfrie, 4 simle/ungdyr, 5 kalv.

Sunnfjordfjella villreinområde
Det vert tildelt 18 løyver i Sunnfjordfjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.

Førdefjella villreinområde
Det vert tildelt 18 løyver i Førdefjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.

Lærdal/Årdal villreinområde
Det vert tildelt 68 løyver i Lærdal/Årdal villreinområde. Løyva er frie men vil i fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan verte fordelt slik: 14 valfri dyr, 34 simler/ungdyr, 20 kalvar.

Vest-Jotunheimen villlreinområde
Det vert tildelt 100 løyver i Vest-Jotunheimen villreinområde, med slik fordeling på alder og kjønn: 40 valfrie, 35 simle/ungdyr, 25 kalv.

Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Evt. klage lyt vere skriftleg og skal sendast til Sogn og Fjordane villreinnemnd, adr. Siri Bøthun Naturforvaltning, 6896 Fresvik.

Tips ein ven Skriv ut