A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fellingskvoter for villrein 2013

Fastsett av villreinnemnda for Sogn og Fjordane.

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 03.04.2013, med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 10. Februar 2012, §§ 20 og 21, gjort fylgjande vedtak:


SVARTEBOTN VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 15 løyver i Svartebotn villreinområde, med slik fordeling på alder og kjønn: 6 valfrie, 4 simle/ungdyr, 5 kalv.


SUNNFJORDFJELLA VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 6 løyver i Sunnfjordfjella villreinområde. Løyva er tildelte som frie løyver, dei er planlagt fordelt slik på alder og kjønn: 1 valfri (vaksen bukk), 2 simle/ungdyr, 3 kalv.


FØRDEFJELLA VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 10 løyver i Førdefjella villreinområde. Løyva er frie men uttaket skal fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan i høve fordeling på alder og kjønn.


LÆRDAL/ÅRDAL VILLREINOMRÅDE
Det vert tildelt 65 løyver i Lærdal/Årdal villreinområde. Løyva er frie men vil i fylgje vedteken bestandsplan og avskytingsplan verte fordelt slik: 13 valfri dyr, 33 simler/ungdyr, 20 kalvar.


VEST-JOTUNHEIMEN VILLREINOMRÅDE
Det er ikkje søkt om fellingskvote for Vest-Jotunheimen villreinområde.


Vedtaka kan påklagast til Direktoratet for Naturforvalting innan tre veker. Evt. klage lyt vere skriftleg og skal sendast til Sogn og Fjordane villreinnemnd, adr. Siri Bøthun Naturforvaltning, 6896 Fresvik.

Tips ein ven Skriv ut