Fastlege Mogolodi M. Mazongo sluttar

Fastlege Mogolodi M. Mazongo har slutta i Årdal kommune. I oktober 2018 starta han på utdanningspermisjon i eitt år, han har no sagt opp driftsavtalen med  Årdal og kjem ikkje tilbake til når permisjonstida er over.

Vikarlege Vahid Naseri har hatt ansvar for Mazongo si pasientliste i denne perioden. Årdal kommune har lyst ut stillinga. Vi informerer vidare når det er avklart kven som skal ta over Mazongo si liste.

 

Tips ein ven Skriv ut