Farnes skule

Farnes skule ligg i sentrum i Øvre Årdal. Skulen er på to område; eit for barneskulen og eit for ungdomstrinnet.
Farnes skule
Farnes skule

Skulen er ein 1-10 skule med 4oo elevar fordelt på 21 klassar. Skulen organiserer SFO-tilbod til ca. 85 barn.
Medrekna støttefunksjonar, assistentar og pedagogar har i alt 75 personar arbeidet sitt ved skulen.

Farnes skule vart bygd i industrireisinga på 50-talet, første byggesteget i 1956. I takt med ei gigantisk utbygging av aluminiumsindustrien, auka elevtalet.
Parallelt med dette vart Øvre Årdal ungdomsskule bygd i 1961, og til slutt 3. byggesteg på barneskulen i 1965.

Seinare er det gjort mindre og større ombyggingar, sist i 1991 då ungdomsskulen vart ombygd innanfor ei kostnadsramme på 15 millionar kroner. I 2003 vart det gjort ei omfattande renovering av småskulesteget (1. - 4. kl.).  Dette var fase 1 i ei renovering av heile barneskulebygningen. Oppstart av fase 2 er gjennomført i mai 2010, med ei kostnadsramme på i underkant av 40 millionar.

I 1995 vart dåverande Farnes skule (1 - 6) og Øvre Årdal ungdomsskule (7 - 9) omorganisert til ein skule
med felles administrasjon.

Skulen har eiga heimeside til Farnes skule

Web levert av CustomPublish AS