Farnes barnehage

Starta opp med 2 avdelingar i 1971, men vart seinare utbygd med ei småbarnsavdeling i 1992. Barnehagen ligg like ved Farnes kyrkje med kort avstand til både skule, sentrum og naturmiljøet Småbakkane.
Farnes barnehage
Farnes barnehage

Satsingsområde:
Vi legg vekt på sosial kompetanse og vennskap, fordi barnehagen er den viktigaste arenaen der born knyter sine fyrste vennskapsbånd. Her får dei sine grunnleggjande erfaringar i samspel med andre born gjennom leik og varierte aktivitetar. Dei vaksne vil legga til rette for at borna får vera i eit miljø som er prega av mykje humor og glede.

Overordna mål:

  • Ein stad for tryggleik – omsorg – leik – varierte opplevingar.

Kontaktinformasjon

Telefon 57 66 53 61
Fax 57 66 50 15

Styrar
Reidun Moheim

Besøksadresse:
Kyrkjevegen 2
6884 Øvre Årdal

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Web levert av CustomPublish AS