A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fagleiar Klyngetunet bufellesskap

Me har ledig 100 % fast stilling som fagleiar I Klyngetunet bufellesskap.
Søknadsfrist 21.12.2020

Klyngetunet bufellesskap er eit burettslag for personar med utviklingshemming. Det er 7 bueiningar i burettslaget, bebuarane eig sine eigne leilegheiter og me yter tenester i heimen deira. Dei tilsette yter og tenester til personar som bur utanfor bufellesskapet. Det er døgnkontinuerleg drift. 
 
Stillinga er ei fagleiarstilling i Bu - og miljøtenesta. I organisasjonen er den plassert under leiar for Klyngetunet. Den som er tilsett vert ein del av leiargruppa i bu - og miljøtenesta. Fagleiar skal bidra til eit fagleg høgt og likeverdig tenestetilbod, der den enkelte sine behov for tenester står i fokus. Fagleiar skal i samarbeid med avdelingsleiar og tenesteleiar ettersjå at målretta miljøarbeid vert utført i samråd med lover og forskrifter. 
 
Stillinga er fordelt med om lag 50 % i drift turnus og 50 % administrativt arbeid. 
 
Arbeidsoppgåver
-Miljøarbeid
-Individuell plan og SamPro (elektronisk individuell plan)
-Fagansvar
-Rettleiing
-Internundervisning
-Koordinering av tverrfagleg samarbeid
-Delta i kvalitetsutval for legemiddelhandtering i bu - og miljøtenesta (krev legemiddelkompetanse)
-Vikar for avdelingsleiar ved fråvær og ferieavvikling
-Andre oppgåver delegert frå avdelingsleiar
 
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som vernepleier.
Den som vert tilsett skal delta i kvalitetsutval for legemiddelhandtering i bu - og miljøtenesta, dette krev legemiddelkompetanse.
 
Du må ha førarkort i klasse B.
 
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein person som er:
- Interessert og oppdatert i høve faget
- Kunnskap og interesse for å arbeide med personar med utviklingshemming
- Sjølvstendig, endringsvillig og nytenkande. 
- Som bidreg til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving
- Som har evne til å motivere, ta avgjersler og delegere.
- Som har stor arbeidskapasitet og evnar å skape gode relasjonar med tilsette, brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar. 
 
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Det er krav om politiattest etter Helse- og omsorgstenestelova § 5- 4.
 
 
Andre opplysningar
Det er døgnkontinuerleg turnus med utvida arbeidstid på helg.
 
Ved intern tilsetting kan det bli ledig stilling som miljøterapeut. Skriv i søknaden om du ynskjer å bli vurdert til andre ledige stillingar.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 21.12.2020 Utlyst dato 03.12.2020 Vårref 1101
 
Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, tlf: 99521531, mobil: 99521531, marita.opheim@ardal.kommune.no
Jorunn Smedegård, Leiar for Klyngetunet bufellesskap, tlf: 97518688, mobil: 97518688, jorunn.smedegard@ardal.kommune.no