A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fagarbeidar - tekniske tenester

Ledig stilling

Ledig 100% stilling som fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift.

Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, 
kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon. 
Denne stillingen har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift på park.
Den som vert tilsett kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet. 
 
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter ein person som har fagbrev innan stell av park og grøntanlegg, men andre med erfaring kan og søkje.
Den som vert tilsett må ha sertifikat i klasse BE, det er og ei føremon med maskinførarbevis M4.
 
Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter; 
ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode 
løysingar. 
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingen vert løna etter HTA, der utdanning og praksis vil verta lagt til grunn. 
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune. 
 
Me tilbyr
eitt godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 25.02.2019
 
Kontaktperson
Svein Ove Åmås, Leiar utedrift, tlf: 97578490, svein.ove.amas@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut