A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fagarbeidar i Teknisk teneste

Søknadsfrist: 14. oktober

Ledig stilling

Me har ledig
100% fast stilling som fagarbeidar i tekniske tenester på FDV- seksjon.

Arbeidsoppgåver
FDV seksjon sine hovudoppgåver er forvaltning, drift og vedlikehold av kommunen sine bygg og eigedommar.
Den som vert tilsett i stillinga vil i utgangspunktet få ansvar for tilsyn, drift og vedlikehold av kommunale bygg.
Andre arbeidsoppgåver innan FDV seksjon og tekniske tenester sine ansvarsområde må ein og vera villig til å ta del i ved behov.

Kvalifikasjonskrav
Fagbrev innan tømrar, elektrikar eller røyrleggar er ei føremon, men andre med relevant utdanning og/eller praksis kan og søkje. Førarkort i klasse B.

Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som er allsidig og fleksibel, som kan arbeida sjølvstendig men og saman med andre.
FDV seksjon yter service og evner til å handsama "kundar" på ein god måte vert det og lagt vekt på.

Løn og tilsettingsvilkår
Som fagarbeidar er løna mellom kr. 350 800,- - 430 000,- vurdert utifrå ansiennitet.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Hans Jørgen Røneid, tlf: 95747504, mobil: 95747504, HJROE@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut