A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fagarbeidar i barnehagane

Ledig stilling

Ledig 100% stilling som fast vikar i barnehagane.
Søknadsfrist 14.04.2020.

Kvalifikasjonskrav
Til stillingen som fast vikar ønskjer me ein person som er fagarbeidar, og det er ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.
 
Den som vert tilsett må ha gode samarbeidsevner og vera fleksibel, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingen er løna etter HTA.
Løn som fagarbeidar er mellom kr. 350 800 - kr. 430 000,-
som assistent mellom kr. 301 500,- - kr. 405 100,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.
 
Andre opplysningar
Stillinga som fast vikar skal brukast ved fråver i barnehagane i Årdal kommune.
Me har totalt 6 barnehagar, 4 i Øvre Årdal og 2 på Årdalstangen
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 14.04.2020 Utlyst dato 20.03.2020 Vårref 1070
 
Kontaktperson
Solveig Hunshammer, Styrar i Einehaugen barnehage, tlf: 45879337, shu@ardal.kommune.no