A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Eventuell busstreik

Det er varsla at busstreiken kan bli utvida frå laurdag 26.september.  Då vil streiken også omfatte Vestland fylke, og vil i så fall også ha innverknad på skulebussane i Årdal.

Om det vert streik vil skulane i Årdal kommune likevel gå som normalt. For elevar som nyttar buss til og frå skulen må foreldra syte for at borna kjem seg på skulen. Kommunen kan ikkje lage eigne transportopplegg, då det vil bli rekna som streikebryteri.
Vi må og ta høgde for at det vil vere elevar som av ulike årsaker ikkje kjem seg på skulen. Desse må jobbe etter ordinær arbeidsplan heime. Skulane har ikkje høve til å drive digital undervisning då lærarane er opptekne i klasserommet.

Vi oppmodar foreldre og elevar til å holde seg oppdatert på situasjonen.