Etablerarprøven skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei naudsynte kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å halde og rette etablerarprøven.
Målgruppe
Styrarar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve
Kriterium
For å få serveringsløyve må styraren av staden ha klart etablerarprøven (dette er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova dersom ein skal skjenkje alkohol) og ha god vandel. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette.
Rettleiing
Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta etablerarprøven. Opplysningar om læremateriell til prøven får du i kommunen. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.
Søknadsfrist
Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis
Klagemuligheit
Det er ikkje høve til å klage, men du kan ta prøven om att.
Ta kontakt med Tenestetorget 57 66 52 21 for nærare info.