A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Etablerar felles barnevernvakt

Årdal barnevernsteneste etablerar felles barnevernvakt med Aurland og Lærdal barnevern frå og med i dag, 07.01.19. Telefonnummer: 90213481.

Vaktelefon:
Ring 90 21 34 81 dersom du er alvorleg bekymra for eit barn eller ungdom, og du tenkjer at bornet har behov for umiddelbar hjelp frå barnevernstenesta. Vakttelefonen er bemanna heile døgeret. Årdal kommune har felles vakttelefon med Aurland og Lærdal barnevern.

Dersom det kan vente til neste verkedag, finn du telefonnummera til barnevernstenesta her på heimesida til Årdal kommune. 
Her ligg også skjema for bekymringsmelding til barnevernstenesta. 

Alarmtelefonen for born og unge 

Alarmtelefonen for born og unge er ein gratis naudtelefon som er open når kontora på den lokale barnevernstenesta er stengd. 
I helger og på heilagdagar er telefonen døgnopen. Ring 116 111 eller send sms til 417 16 111.

Tips ein ven Skriv ut