Ergoterapi

Arbeidsområder

•    Sikre moglegheiter for aktivitet og deltaking for alle, uavhengig av alder, livsfase og funksjon gjennom tilrettelegging av omgivingane og tiltak for den enkelte i barnehage, skule, arbeidsplass og heim

•    Utredning,  behandling og oppfølging av personar  med behov for habilitering og rehabilitering

•    Formidling og tilpassing av tekniske hjelpemidler til  personer med nedsett funksjon

•    Tilrettelegging av bustad og omgivnader

•     Ansvarleg for det kommunale lageret av tekniske hjelpemidler. Utlån av hjelpemidler  når personar treng det kun  ein kort periode, og behovet ikkje fell innanfor lovverket til NAV

•    Førebyggande arbeid med spesielt fokus på ”trygge eldre” og fallforebygging

•    Kan være med i planlegging av nybygg og ombygging av eksisterande bygg med fokus på tilgjenge for alle og universell utforming

Tenesteskildring

Føremål med tenesta

Sikre moglegheiter for aktivitet og deltaking for alle, uavhengig av alder, livsfase og funksjon gjennom tilrettelegging av omgivingane og tiltak for den enkelte i barnehage, skule, arbeidsplass og heime.

Kven får tenesta

Alle kan etter behov få eit tilbod om vurdering frå ergoterapeut

Korleis få tenesta

Brukarar eller pårørande kan sjølve ta direkte kontakt eller det kan sendast ein rekvisisjon frå heimetenesta, lege, sjukehus eller andre.

Kva omfattar tenesta

  • Vurdering og kartlegging av funksjon
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og ansvarsgrupper ved behov
  • Formidling og tilpassing av hjelpemidler i samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentralen
  • Ansvarleg for det kommunale lageret av tekniske hjelpemidler
  • Råd og rettleiing i høve fallførebygging
  • Råd og rettleiing i høve universell utforming og bustadtilrettelegging
  • Råd og rettleiing i høve arbeidsplass tilrettelegging
  • Trening og behandling individuelt og i grupper

 Forpliktingar for brukar

  • Vi forventar at du gjer beskjed dersom du må endre inngåtte avtaler pga ferie, høgtider, innlegging på sjukehus m.v
  • Vi forventar at du gjer beskjed dersom dine behov endres
  • Vi forventar at du tar omsyn i høve røyking når vi er på besøk
  • Vi viser kvarandre gjensidig respekt

 Kva kan eg forvente av dei tilsette

  • At du blir møtt med respekt
  • At dei held teieplikta si
  • At dei møter opp til avtalt tid
  • At du får eit fagleg forsvarleg tilbod i høve dei oppgåver som skal løysast

Pris/kostnad/tilskotsordningar

Tilbodet er gratis

Heimelsgrunnlag for tenesta

Lov om helsetenester i kommunane av 19.nov 1982
Lov om pasientrettar
Lov om helsepersonell
Lov om folketrygd
Forvaltningslova

Når ting ikkje fungerer

Det kan bli noko ventetid på tenesta i samband med ferieavvikling og ved evt sjukdom. Vi lyt då prioritere dei saker som hastar mest. Ved lang ventetid på f.eks hjelpemidler ta kontakt med den ergoterapeut som har bistått deg, så hjelper vi til med evt purring på utstyr.

Klage

Dersom du finn grunn til å klage på helsepersonell som utfører tenesta, ta kontakt med leiar Heidi Skeie eller forvaltningsleiar Svein Kåre Senneset.
Klagen må være skriftleg og innehalde noko om kva du er misfornøgd med og kva du eventuelt ynskjer annleis. Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skrive ned klagen.

Brosjyrar, anna/meir informasjon

Du kan finne meir informasjon om regelverket og ulike moglegheiter i høve tekniske hjelpemidler på www.nav.no

Praktiske opplysningar

Ergoterapitenesta består av:

Kontaktperson - Leiar Telefonnr. Mobilnr. E-postadresse
Heidi Skeie 57665281 99366881

heidi.skeie@ardal.kommune.no

Kontaktperson - Ergoterapeut 40% Telefonnr. Mobilnr. E-postadresse
Inger Karlsen 57665281  

inger.karlsen@ardal.kommune.no

Kontaktperson - Syn- hørselshjelp  Telefonnr. Mobilnr. E-postadresse
Patricia Seglem Lægreid 57665281   patricia.legreid@ardal.kommune.no
Kontaktadresse   Postnr. Poststed
Årdal sjukeheiem, Tangevegen 26    6885  Årdalstangen

 

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS