A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Er du klar for digital postkasse?

Årdal kommune er klar til å senda deg post digitalt.

Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.

Me er klare, er du? - Opprett din digitale postkasse no!

Målet er å auka effektiviteten i sakshandsaminga, redusere papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, og å minske kostnadane.
Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg.

 Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:
•Det er tryggare enn all anna postgang.
•Det er gratis å bruke.
•Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
•Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
•Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.

Dersom du alt er klar til å oppretta digital postkasse, klikkar du på knappen nedanfor for å koma i gang.

digitalpostkasseknapp_225x80.jpg

Tips ein ven Skriv ut