A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Endringssøknad tilknyting Offerdal kraftverk. Høyring av konsesjonssøknad

NVE logo

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke endringssøknad frå Offerdal kraftverk for å knyte kraftverket til nettet. Det vert no søkt om å tilknyting via ein 132 kV sjøkabel over Årdalsfjorden frå Indre Offerdal til Naddvik i staden for luftleidning som tidlegare konsesjonsgjeven. Offerdal kraftverk søkjer no om det som er omtala og utgreia som sjøkabel alternativ K3, med om lag 5 km sjøkabel og 1, 9 km jordkabel. Tiltaket ligg i Årdal kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Fråsegner må sendast til NVE innan 25. januar 2018.

Offerdal kraftverk AS fekk den 22. februar 2017 endeleg løyve frå Olje- og energidepartementet for å byggje Offerdal kraftverk med tilhøyrande nettilknyting via ein om lag 9 km lang kraftoverføring beståande av eit om lag 2,4 km langt fjordspenn over Årdalsfjorden, ein om lag 4,6 km lang luftleidning frå Jensehamn til Slikjesva, og ein om lag 2 km lang jordkabel frå Slikjesva til Naddvik kraftstasjon  Etter å ha henta inn anbod på material og arbeid, viser det seg at prisen for sjøkabel vert om lag halvert frå det som var først estimert, og luftleidning noko dyrare, slik at kostnadsforskjellen vert liten.

Offerdal kraftverk søkjer om konsesjon i medhald av energilova. Søkjer legg til grunn tidlegare konsekvensutgreiing som er utarbeida i medhald av reglane i plan- og bygningslova kap. 14 med forskrifter, og utgreiingsprogram fastsett av NVE.

Offerdal kraftverk AS søkjer òg om oreigningsløyve (oreigningslova av 23.10.1959, § 2 punkt 19) for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsel/transport. Samstundes søkjer Offerdal kraftverk om førehandstiltreding (oreigningslova § 25) som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde.

Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ønskjer vi å få høyringsinstansane sine synspunkt på planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknader.

Søknaden med konsekvensutgreiing er tilgjengeleg på NVE sine internettsider www.nve.no/kraftledninger.

Skjema for fråsegner kan finnast på våre internettsider. Fråsegner kan òg sendast som e-post til nve@nve.no eller som brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO.

Fråsegner må sendast til NVE innan 25. januar 2018.

Informasjon til kommunen:
Vi ber vidare kommunen leggje søknaden ut på sine internettsider og ev. facebooksider, og å orientere aktuelle lokale velforeiningar, idrettslag, interesseorganisasjonar m. fl. om søknaden. NVE vil kunngjere høyringa og utlegging til offentleg ettersyn i aktuelle aviser.

Tips ein ven Skriv ut