A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Eldsjelprisen 2011 til Elin Heen

Elin Heen, personalleiar i Årdal kommune, har markert seg i arbeidet med Inkluderande Arbeidsliv (IA) og fekk tildelt årets eldsjelpris på IA-dagen 2011. Arrangør var IA-rådet og NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane.

  • 1

"Eldsjelprisens vinnar har utmerka seg med å jobba målretta for eit godt arbeidsmiljø og har den daglege evna til å skapa glede, glød og begeistring til beste for arbeidsplassen"

Grunngjevinga
Elin er alltid oppteken av å sjå moglegheiter. Ho er rask med å implementere naudsynte endringar og har evna til å sjå korleis endringane kan utvikle kommunen vidare. Ho motiverar og engasjerer alle slik at alle har verkty og kunnskap til å løyse oppgåvene sine innan leiing og arbeidsmiljø. Elin tek i sitt arbeid konsekvensen av at utviklingsarbeid treng fokus og prioritering over tid. 

 

 

Me gratulerer med prisen – den var vel fortent!

Tips ein ven Skriv ut