A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ekstramidlar til lag og organisasjonar i Årdal

Årdal kommune har fått kr. 400000,- i gåve frå Hydro Årdal og LO Hydro Årdal. 
Søknadsfrist 8. juni.

Midlane, vert etter søknad, fordelt ut til frivillige lag og organisasjonar i Årdal innanfor idrett og kultur. Aktivitetar retta mot born og unge vil ha fokus. 
 
Opplever de i desse tider inntektssvikt, aktivitetssvikt eller arrangementsvikt?
 
Send ein søknad som viser kva økonomisk tap de har eller vil få på planlagde aktivitetar i 2020. 
Søknaden sender de til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no innan 8. juni 2020. 
 
Hilmar Høl
 - ordførar -