A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ei lita statusoppdatering for Seimsdalstunnelen

Tidsrom for utvida stenging (18:00 – 06:00) og båttransport er no bestemt. Det blir frå og med 11. januar til og med 25. januar.

Vi baserer oss på rutetidene tabellen under, men er i dialog med Hydro om å kanskje flytte avgangane rundt kl. 22.00 nokre minuttar den eine eller andre vegen.
Båten vil kunne ta inntil 46 passasjerer kvar tur.
 
Frå Årdalstangen Frå Seimsdalen
18:30 19:00
19:30 20:00
20:30 21:00
21:30 22:00
22:30 23:00
23:30 24:00
00:30 01:00

Båten ligg i beredskap i Årdalstangen frå 01:00 til kl.18:30 

Anlegget tek juleferie 23. desember og startar opp att 4. januar.

Vestland fylkeskommune si side om vegprosjektet.