A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Dugnad som bøssebærar for TV- aksjonen

Søndag 18. oktober 2015 er årets TV-aksjon og den er i år tildelt Regnskogfondet.

Halvparten av verdas regnskogar er øydelagt og utan din hjelp kan det vere for seint å redde det som er igjen.

Regnskogen er avgjerande for kloden sitt klima, for vår felles framtid og for 260 millionar menneske som har regnskogen som sin heim.
Regnskogen forsyner verda med mat og vatn, er kjelde til viktige medisinar og bidreg til å redde klimaet på jorda.
Pengane frå årets aksjon skal gå til å bevare verdas største regnskogsområde i Peru, Brasil, DR Kongo og på øya Ny-Guinea.

Som leiar i komitèen for TV-aksjonen i Årdal, inviterer eg Dykk til dugnad som bøsseberar Søndag 18. oktober kl. 16.00.
Vi har behov for 55 bøsseberarar i Øvre Årdal og 35 bøsseberarar på Årdalstangen. Bøsseberarane vert tildelt kvar si rode og born kan delta saman med ein vaksen.
Eg utfordrer Dykkar lag og organisasjon til å delta og ynskjer ein tilbakemelding på antal bøsseberarar de kan stille med innan den 9. Oktober.

Om du ynskjer å delta som bøsseberar, kan du ta kontakte meg på mail:
mhho@ardal.kommune.no eller sms: 45 50 10 87. Du kan også kontakte Aud Andersen, Årdal kommune på tlf. 57 66 52 20 eller kome innom tenestetorget på rådhuset, for å melde deg. Du kan også registrere deg som bøsseberar på www.blimed.no

Ved utdeling av bøsse på Årdalstangen, kan du henvende deg til Årdal kommune, rådhuset ved Aud Andersen torsdag og fredag den 15-16. oktober for utlevering av bøsse.
Om tida ikkje høver for deg desse dagane, kan du møte opp på aksjonsdagen den 18.oktober kl. 16.00 for utdeling av bøsse.

Oppmøtestad for Årdalstangen: Rådhuset, Servicetorget ved Aud Andersen
Oppmøtestad for Øvre Årdal: IL Jotun Klubbhus ved Odd Øvregard og Olav Midtun.

Bøssene skal leverast inn i Indre Sogn Sparebank på Årdalstangen og i Øvre Årdal, der det vil vere folk tilgjengeleg frå kl. 17.00.

For øvrig består komitè for TV-aksjonen i Årdal av Terje Moe, Odd Øvregard, Olav Midtun, Aud Andersen og Ann Kristin Lislelid frå Indre Sogn Sparebank.
Årdal Mottakssenter, Hero stiller opp med å arrangere internasjonal kulturkafè i Klubbhuset i Øvre Årdal Laurdag 17. oktober, der alle inntektene går til TV-aksjonen og Regnskogfondet. Eg oppfordrar alle som har moglegheit til å vitje  kafeen denne laurdagen.

Eg ser fram til å delta i årets dugnad for TV-aksjonen, der midlane går til Regnskogfondet og ynskjer deg med på laget.

Marie-Helene Hollevik Brandsdal
Leiar i TV-aksjonskomitèen i Årdal

Tips ein ven Skriv ut