A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Dialogmøte om kvinner i landbruket

Går du med ein landbruksdraum i magen? Har du idéar knytta til gardsproduksjon? Kvifor ikkje gjera draum til verkelegheit? Det er nettopp deg me treng i det norske landbruket. Kvinner i landbruket er nytenkjande, kreative og allsidige og bidreg til å gjera landbruket mangfaldig og berekraftig.

Bulystprosjektet Bergteken i Aurland kommune arrangerer dialogmøte om kvinner i landbruket i samarbeid med prosjektet Kvinner, demokrati og deltakelse i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Tid: Måndag 16. februar kl 19.00
Stad: Marianne Bakeri og Kafé i Aurland

Prosjektleiar Margrethe Gaassand i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil halda ein presentasjon om kvinneprosjektet og arbeidet for likestilling i landbruket. Denne kvelden vil me også inspirera og visa korleis moglegheiter kan overvinna utfordringar. Med oss på laget har me eit strålande døme på ein kvinnebonde. Møt den allsidige morellbonden Kari Sigrun Lysne som fortel om sine erfaringar som bonde i Lærdal.
Til slutt opnar me for dialog og vil gjerne høyra dine tankar og erfaringar. Kva lokale moglegheiter og utfordringar finst i Aurland og Lærdal? Her er alle velkomne, menn som kvinner, og me vonar at dette kan verta ein arena for nettverksbygging mellom folk med interesse for næringa.
Bakgrunnsinformasjon:
I dag har det norske landbruket ein kvinnedel på kun 14 prosent. Etter at odelslova vart likestilt for 40 år sidan skjedde det ei gradvis auke i kvinnedelen i landbruket, men gjennom dei siste 15 åra har talet stagnert. Dette har Norsk Bonde- og Småbrukarlag jobba med å snu, blant anna gjennom å skapa nettverk mellom landbruksinteresserte kvinner, gjennom å setja fokus på problemstillinga og gjennom kartlegging av kvinner sine utfordringar og moglegheiter i landbruket.

Arrangørar:
Bulystprosjektet Bergteken i Aurland kommune
Kontaktperson: Prosjektleiar Silje Midttun,
tlf 95984662, silje.midttun@aurland.kommune.no

Prosjektet Kvinner, demokrati og deltakelse i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Kontaktperson: Prosjektleiar Margrethe Gaassand,
tlf 24148963/97182677, margrethe@smabrukarlaget.no

Tips ein ven Skriv ut