A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Detaljreguleringsplan for Storevegen 28

I samsvar med §12-12 i plan- og bygningslova godkjende Årdal kommunestyre i møte 30. november 2017 i sak 072/17. Detaljreguleringsplan for Storevegen 28, Øvre Årdal. Planen femnar om eigedommen gnr 18, bnr 17 samt tilgrensande kommunal veg/fortau. Formålet med planen er å legge til rette for etablering av bueiningar.

På heimesidene til kommunen kan ein sjå planvedtaket og andre dokument i saka.

Planvedtaka kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova jf. kap. VI i forvaltningslova. Eventuell klage må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 veker. Klaga må vere grunngjeven, og det må gå klart fram kva endringar ein ynskjer. Kommunen kan gje nærmare rettleiing om framgangsmåte ved klage på planvedtak. Vidare har partar rett til å sjå dokumenta i saka jf. §§ 18 og 19 i forvaltningslova.

Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 år etter kunngjeringsdato jf. kap. 15 i plan- og bygningslova.

Eventuelle spørsmål kan rettast til Johannes-Henrik Myrmel, e-post, mob 454 04 993.

 

Planomtale og føresegner - Detaljreguleringsplan for Storevegen 28 - revidert des. 2017

Detaljreguleringsplan Storevegen 28

Tips ein ven Skriv ut