A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Den store kinodagen tjuvstartar 1. november

Me tjuvstartar med film fredag og har da premiere på filmen Insidious: Chapter 2. Du får da pakkepris som inkluderer 2 filmar, popcorn og nattmat.

Den første filmen Insidious, vert vist i regi av ungdomsklubben og startar kl. 22.00
•    Hovudfilmen Insidious 2 startar kl. 23.59.

Du vel sjølv om du vil sjå begge filmane, men pakkeprisen gjeld. For å få billett til filmen kl. 22.00 må du kjøpe billett på framsyninga til premierefilmen kl. 23.59. Billetten gjeld da for begge filmane eller du kan velgje å sjå berre ein.

Laurdag 2. november er det klart for "Den store kinodagen" og du får filmar til halv pris.

Etter fleire ynskje viser me ein gammal godbit frå 2009, Avatar, i super 3D.

•    10.00 Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa (førpremiere)
•    12.00 Hokus Pokus Albert Åberg
•    13.30 Fly
•    15.30 Avatar 3D
•    19.00 Captain Phillips
•    21.30 Insidious: Chapter 2

Billettar kjøper du på vår elektroniske billettløysing eller i kinokiosken.

Vegen er open mellom Øvre og Tangen i helgi - det skal ikkje vere vegarbeid.

Tips ein ven Skriv ut