A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Den nasjonale kampanjen Svøm deg til Kos er avslutta

Årdalshallen - kaffikrus

Det vart dessverre ingen frå Årdalshallen som vart trekte ut som vinnarar av storpremiar. Som trøyst har me i Årdalshallen difor trekt ut deltakarar som vil få lokal premie. 

Nær 13.000 deltakarar frå heile landet var med, og desse svømte 140.000.000 meter til saman.
Dei aller fleste svømmehallar synte litt nedgang i talet på deltakarar i år, dette gjeld også Årdalshallen. Det som likevel er positivt at det heilt klart er ein oppgang i talet på dei som møter opp for å symje i bassenget (uregistrerte)
Norges Svømmeforbund (NSF) er stolt over å kunne gjennomføra ein så omfattande mosjonskampanje, der Årdalshallen har vore ein av dei lokale arrangørane.

Me trekte ut desse tre personane frå Årdalshallen til å vera med i den nasjonale trekninga: (Desse vil få eit gåvekort hjå oss)

  • Barn: Emmeli Jevnaker (Gavekort kr.250,-)
  • Ungdom: Tomine Jevnaker (Gavekort kr.250,-)
  • Vaksne: Gro Fretland (Gavekort kr.250,-)

Desse vart trekte ut til å vinna eit fint kaffikrus med eit bilete av bassenget i Årdalshallen på:

  • Mette Holsæter Johnsgaard
  • Tina Alrek
  • Jan Øhlckers
  • Mia Kopperdal 

Årdal kommune gratulerer vinnarane!

Gevinstane kan hentast i billettluka i Årdalshallen.

Tips ein ven Skriv ut