Føremålet med tenesta
Dag-opphald ved Årdal Bu og Omsorgssenter (Åbo) kan tildelast personar som for ein periode treng sosial stimulering og noko hjelp og/eller tilsyn.
Ved dag-opphald mottek tenestemottakar tilsyn og hjelp i tillegg til sosial stimulering og samvere.
Tenestemottakar har høve til å delta på alle aktivitetar og arrangement som vert halde ved Åbo.
Kven får tenesta
Målgruppa er menneske som for ein periode treng sosial stimulering og noko hjelp og / eller tilsyn.
Det skal vera gjort ein vurdering om søkjar vere i eigen heim med hjelp / auka hjelp frå heimesjukepleia. Kan eventuellt dagopphald vere ei god erstatning?
Personar som er særs pleietrengande eller har ein kjend demensdiagnose kan ikkje nyttiggjera seg tilbodet. Det må likevel vurderast å gje dette tilbodet til denne gruppe pasientar dersom ein ikkje på søknadstidspunkt kan gje andre relevante tilbod.
Korleis få tenesta
Tenestetorget har søknadsskjema. Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim, Årdal Bu – og Omsorgssenter og på Internett. Søknad skal sendast på eige skjema.
Kva omfattar tenesta
Dag-opphald ved Åbo er ei individuell tilrettelagt teneste, som vert tildelt i tidsrommet mellom kl. 07.30 og kl. 19.00.
Omsorgstenestene legg vekt på individuell tilpassing av dag-opphaldet for den enkelte tenestemottakar, slik at tenestemottakar sjølv avgjer når han vil kome til Åbo, og når han vil reise att.
Me har diverre ingen organiserte aktivitetstilbod ved Åbo.
Me har diverre heller ingen sengeplassar / sofaer som kan nyttast til å legge seg nedpå i løpet av dag-opphaldet for den som har trong for dettte.
Forplikting for brukar
Det er viktig at tenestemottakar gjev melding til personalet / avdelingssjukepleiar ved Åbo om kva klokkeslett han ynskjer å ha dag-opphaldet.
Tenestemottakar er sjølv ansvarleg for transport til / frå dag-opphald ved Åbo.
Tenestemottakar må også avtale med personale / avdelingssjukepleiar ved Åbo dersom han ynskjer å kjøpe eit eller fleire måltid pr. dag. Dette må avklarast om lag ei veke før dag-opphaldet skal setjast i verk. Dette på grunn av planlegging av innkjøp og eventuelle omsyn til diett.
Kva kan eg forvente av dei tilsette
- At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
- At dei held teieplikta si.
- At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
Pris / kostnad / tilskotsordningar
Heimelsgrunnlag for tenesta:
Når ting ikkje fungerer:
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med leiar for heimetenestene, tlf. 5766 5081.
Klage:
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimetenestene på tlf. 5766 5081. Her får du råd og rettleiing.
Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
Praktiske opplysningar:
Leiar Heimetenestene: tlf. 5766 5081
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf. 5766 5444
E-post: postmottak@ardal.kommune.no