A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Førehandsrøysting i Årdal

valglogorådhuset_512x342

Da har me starta ordinær førehandsrøysting og du kan røyste på førehand fram til fredag 6. september.

Her kan du førehandsrøyste i Årdal:

Tenestetorget, rådhuset
Mandag til fredag kl. 08.00 - 15.00
Tysdag 3. september ope til kl. 18.00.

Eldresenteret, Øvre Årdal

Tysdag 13. august kl. 09.00 - 13.00
Tysdag 20. august kl. 14.00 - 18.00
Tysdag 27. august kl. 09.00 - 13.00
Torsdag 29. august kl. 14.00 - 18.00

Årdal bu- og omsorgssenter - ÅBO (gjeld og ved behov for røysting i pasientrom)
Onsdag 4. september kl. 10.00 - 15.00

Årdal sjukheim (gjeld og ved behov for røysting i pasientrom)
Torsdag 5. september kl. 10.30 - 12.00

Seimsdal sjukeheim (gjeld og ved behov for røysting i pasientrom)
Torsdag 5. september kl. 12.30 - 13.30

Ambulerande røysting
Veljarar som er sjuke eller uføre og ikkje kan røyste på valdagen eller der det blir halde førehandsrøysting, kan etter søknad til valstyret, førehandsrøyste der dei oppheld seg (ambulerande røysting), jfr vallova § 8-3 (6).  Dette må søkast om innan tysdag 3. september 2019 kl. 12.00 til Årdal kommune, valstyret. Ring Tenestetorget på tlf 57665000  for å avtale eller send brev.

Oppheld du deg i utlandet?
Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen, kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les om korleis du forhåndsstemmer i utlandet.

Førehandsrøyste kan du gjere kvar som helst i heile landet i førehandsrøysteperioden.

Tips ein ven Skriv ut