A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Leiar NAV Årdal

Me har ledig 100% fast stilling som leiar for NAV Årdal frå 01.10.2019.  

NAV er inne i ein omfattande og spennande moderniserings- og endringsfase. Til NAV-kontoret i Årdal søkjer me ein tydeleg leiar med særleg blikk for gode relasjonar både internt i kontoret og til samarbeidspartar og næringsliv. 

Søknadsfrist 26. august 2019.

NAV Årdal er ein partnarskap mellom NAV Vestland og Årdal kommune. 
Leiaren skal ha det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre gode og heilskaplege tenester for einskildpersonar og næringsliv, og ivareta samfunnet sitt mål om størst mogleg yrkesdeltaking. Samarbeid på tvers av kommunar vil framover bli avgjerande for å vidareutvikle tenestene og for å bli ein synleg og løysingsdyktig samfunnsaktør.

Kontoret i Årdal har i dag om lag 15 årsverk. I tillegg til den statlege tenestemenyen har NAV Årdal ansvar for tenester heimla i lov om sosiale tenester i NAV, Rustenesta, Bustadkontoret og Flyktningtenesta. I tillegg har Årdal ansvar for økonomisk råd og rettleiing etter sosialtenestelova i ÅLA kommunane.

Viktigaste arbeidsoppgåver
Etablere tett kontakt med næringslivet lokalt og regionalt
Sikre tidleg innsats for alle brukargrupper

Kvalifikasjonskrav

  • Leiarerfaring
  • Dokumentert evne til å utøve tydeleg leiing og skape gode resultat gjennom andre
  • Kunnskap om samfunnet og sterk interesse for arbeids- og velferdspolitikken
  • Minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt og vurdert opp mot utdanningskrav.

Personlege eigenskapar
vil bli tillagt stor vekt og vi ønskjer ein leiar som:

" Kommuniserer ope, tydeleg og direkte
" Har evne og vilje til å prøve ut utradisjonelle løysingar
" Er god på å ta avgjerder, er målretta og løysingsdyktig i lag med andre

NAV er oppteken av mangfald og me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb i NAV, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. NAV er IA-verksemd og vi vil difor legge til rette for søkjarar med eventuell redusert funksjonsevne.

Løn og tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk vurdert etter utdanning og praksis.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar
Spørsmål om stillinga kan rettast til NAV leiar Mette Hestetun Berg, tlf 970 19648, eller Årdal kommune ved kommunalsjef Rigmor Svanberg, tlf 948 24046.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ønskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedd om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ønskjet om reservasjon ikkje blir teke til følgje.

Søknad sender du elektronisk i vår søknadsportal.

Tips ein ven Skriv ut