A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Dagleg leiar - Frivilligsentralen i Årdal 100%

MERK søknadsfrist: 25.03.19

Ledig stilling

Frivilligsentralen i Årdal har ledig ein 100 % stilling som dagleg leiar.

Frivilligsentralen i Årdal er organisert som ei stifting med eige styre.

Dagleg leiar av frivilligsentralen er ansvarleg for den daglege drifta av sentralen og at sentralen vert dreven i samsvar med lover, forskrifter og styret sine vedtekter.

Dagleg leiar er fyrst og fremst ansvarleg for den daglege drift av Gamleskulen brukthandel og aktivitetshus som vart etablert i 2014. Drifta består i å drifte bruktbutikken og drive aktivitetshuset. I tillegg til leiar er det to andre tilsette samt eit uttall frivillige og andre brukarar av huset.

I tillegg samarbeidar frivilligsentralen tett med Eldresenteret i Øvre Årdal, samt koordinerer andre tradisjonelle frivilligsentraloppgåver.

Me ser etter:
Du må vere sjølvstendig, samarbeidsvillig og utadvendt, god på å møte mennesker i alle samfunnslag og situasjonar.

Ha kremmarsjel. Like og ha interesse for brukte ting og forretningsdrift knytt til dette.

Vere dagleg administrative leiar av huset, syte for arbeidsplanar, aktivisering, kontakt med arbeidsgjevarar i forhold til brukarar av huset, koordinere dei frivillige mm.

Den som blir tilsett må kunne halde føredrag, handtere media, samarbeide med NAV, arbeidsgjevarar, høgskulen mm.
Beherske dataverkty som er naudsynt, inkludert å administrere ei Facebookside med over 3000 følgarar.

Du må ha god helse, da det er ein del fysisk tunge løft i jobben.

Du må ha førarkort, samt vere fleksibel i forhold til arbeidstider.

Ha gode kommunikasjonsferdigheiter og vere kreativ og løysingsorientert.

Det vil bli lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar.

Stillingen er ledig etter avtale.

Lønn etter avtale.

For nærare informasjon om stillingen kan du ta kontakt med Mette Hestetun Berg, NAV Årdal på telefon 97019648

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Kontaktperson
Mette Hestetun Berg, Leiar for Nav Årdal, mobil: 97019648, Mette.Hestetun.Berg@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut