A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Opning for rådyrjakt i Årdal kommune – høyring

Høyringsfrist: 21. mai 2019

rådyr-kort

Bakgrunn
Påkøyrde rådyr i kommunen, samt anna fallvilt som kommunen har registrert, utgjer 4-8 rådyr årleg. Felles landbrukskontor ÅLA får kvart år meldingar om rådyr i hagar kring Øvre Årdal og i Seimsdalen. I søknaden frå Årdal bestandsplanområde for hjort heiter det «Dei seinare åra har styret i bestandsplanområdet motteke mange meldingar om auke i rådyrbestanden samtidig har vi motteke ein auke av klager med rådyr i hagar. Vi har sett ein auke i bestanden spesielt i Seimsdalen, Hæreid, Fardalen, Mjøen og fram i Utladalen». I nabokommunane Luster, Vang og Lærdal er det opna for rådyrjakt. Tilgjengeleg kunnskap om rådyrbestanden i Årdal kan tyda på at bestanden har vore i vekst ei tid og at det no er grunn til å tru at det føreligg eit produksjonsoverskot som er haustingsverdig, jamfør Naturmangfoldlova § 16. Ei opning for eit forsiktig jaktuttak av rådyr vil også kunne bidra til verdifull informasjon om skadeomfang på rådyr som følgje av fluorutsleppa frå Hydro Aluminium. Ei ordning kor jegerane registrerer observasjonar av rådyr vil kunne gje meir presis informasjon om endring i rådyrbestanden framover, slik at ein eventuell jakt på arten kan verta kontinuerleg tilpassa dynamikken i rådyrbestanden.

Årdal kommune ber om at høyringspartane sender innspel til: postmottak@ardal.kommune.no

Les heile høyringsbrevet
HER
Søknaden frå Årdal bestandsplanområde les du HER
Kart over område med registrert rådyr ser du HER

Tips ein ven Skriv ut