A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets Årdøl 2018 og Kulturprisen 2018

Årets årdøl er ei dame som gjennom mange år har hatt mange verv i IL Jotun. Ho seier aldri nei til ei oppgåve, og har gjennom åra teke på seg mange verv i IL Jotun. Dette har ført til at ho er æresmedlem, og seinast i fjor fekk ho eldsjelprisen for innsatsen. Ho har vore trenar i meir enn 20 år og har no gruppestyreverv i symjegruppa og turngruppa. Ho sit i arbeidsutvalet i IL Jotun, og har teke på seg verv i fotballgruppa. I tillegg stiller ho opp på andre aktivitetar som måtte dukke opp i idrettslaget. Ruth Laberg får Årets Årdøl 2018.
Årets Årdøl 2018

I år er det to menn som har bidrege med å gje oss gode musikkopplevingar som får tildelt kulturprisen. Dei har bidrege i alle prosjekt og arrangement som omhandlar det allsidige og rike musikklivet i Årdal i nesten 50 år.Dei var med i Årdal viseklubb frå midten av 1970-talet og spelt i ulike blues og musikkgrupper. Dei har alltid stilt opp i ulike teateroppsetningar, koroppsetningar, revyar, korpsarrangement og ikkje minst bidrege med sine eigne prosjek i Årdal. Dei deltek på Avdalsblusen, som er vorte ein nasjonal bluesfestival, og har eit stort engasjement for å oppretthalde Avdalen gard. Odd Sigmund Høl og Ole Magnar Nundal får Kulturprisen 2018.

Kulturprisen 2018
Me gratulerar dei verdige utvalgte.

Tips ein ven Skriv ut