A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Interkomunalt samarbeid ÅLA - møte i styringsgruppa

ÅLA kommunelogo[2]

26. november kl. 11.30 har styringsgruppa for interkommunalt samarbeid ÅLA møte er i Årdal på rådhuset.

Sakliste

1. Innleiing om interkommunalt samarbeid og strategi for vidare arbeid sett frå oppdragsgjevar sin synsvinkel v. leiar av styringsgruppa Arild Ingar Lægreid
 
2. Undervegsrapportering for ulike prosjekt og førebelse konklusjonar/tilrådingar v. prosjektleiar Gunn Lerøy
Barnevern
Brann, redning og beredskap
Plan, byggesak, kart og oppmåling
Prosjekt under oppstart
o Strategi i ÅLA for rekruttering og kompetanseutvikling helse- og omsorg
o Felles digitaliseringsstrategi i ÅLA
 
3. Framdriftsplan og vegen vidare
 

Notat til styringsgruppa
Notat til styringsgruppa – undervegsrapportering for ulike prosjekt for utvida interkommunalt samarbeid
  • Felles barnevernsteneste i ÅLA  - førebelse tilrådingar og konklusjonar
Prosjektleiar har saman med dei to barnevernsleiarane og HR-sjef i Lærdal gjennomført eit for-prosjekt der vi har jobba med å få fram fakta om tenesta i dag, ressursbruk, saksmeng, folketalsframskridningar og konsekvensar for kommunane ved innføring av barnevernsreforma. Me  har gjennomført oppstartsmøte med rådmennene, det er gjennomført SWOT-analyse med involvering av tilsette og leiarar, og undervegs i prosjektet er det lagt vekt på ein involverande prosess. Hovudprosjektgruppa starta arbeidet 1. november og har hatt to møter, og skal gjennomføre ein studietur til Hallingdal interkommunale barnevern i slutten av november. Tillitsvalde frå Aurland og Årdal har vore inviterte til å møta, hovedtillitsvald for FO i Årdal har delteke på to møter.
Rådmennene er referansegruppe for prosjektet ettersom det er dei som skal skrive tilråding til kommunestyra.
 
Organisasjonsmodell
Mandatet til prosjektgruppa er å kome med tilråding om val av modell for felles barnevernsteneste.
Administrativ vertkommunemodell, jfr. kommunelova § 28 b med ein vertskommune og to samarbeidskommunar peikar seg ut som den mest  aktuelle modellen – ca 85 % av alle interkommunale barnevern har denne modellen. Modellen inneber at ein kommune vert vertskommune, og det vanlege er at hovedkontoret ligg i denne kommunen.
 
Val av vertskommune
Prosjektleiar har diskutert dette med rådmennene i dei tre kommunane. Har jobba med utgangspunkt i at alle tre kommunane er aktuelle, har vurdert fordelar og ulemper. Rådmennene har kome med tilråding om val av vertskommune, og lokalisering av hovedkontoret.
 
Det er særleg omsynet til å bygga ein felles bedriftskultur og reiseavstand for tilsette, som har vegd tyngst i denne vurderinga.  Målsettinga må vere at alle dei tilsette som jobbar i dei to tenestene i dag, ikkje sluttar. Skal vi få til eit betre barnevern for barn og familiar må vi jobbe for kontinuitet i personalgruppa på kort sikt og på lang sikt.
 
Det må jobbast meir med å vurdere grad av tilgjengelegheit i samarbeidskommunane og kor mykje ein skal vere i lag på hovedkontoret. Ein skal jobbe ut frå eit hovudprinsipp om å møte brukarane i den kommunen dei bur. Hovudregelen er at det er dei tilsette som reiser, ikkje brukarane.  Men dei tilsette må også vere samla ein del av tida for å bygge felles kultur, eit robust fagmiljø, og få til ei betre ressursutnytting. Ein må jobbe meir med innhaldet her, og system for deltaking i tverrfagleg samarbeidsgrupper i dei tre kommunane må vektleggast. 
 
Samarbeidsavtalen som skal skrivast mellom kommunane (forutsatt politisk vedtak om felles barnevernsteneste i ÅLA), skal vere styrande. Naturleg at rådmennene får fullmakt til å utforme detaljane.
 
Administrasjonen i vertskommunen tilset leiar i samarbeid med dei to andre kommunane, og vertskommunen overtek arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette i barnevernstenesta. Prosjektgruppa ser at det er behov for prosjektleiar ved vedtak om innføring av felles barnevernsteneste i ÅLA som jobbar med implementering av felles teneste. Målet er etablering frå 1. januar 2020, og det er prosjektgruppa si vurdering at ein treng denne tida for å få til ein god start. Fysiske lokalitetar for ei framtidig interkommunale barnevernsteneste i vertskommunen er viktig, dette må ein jobbe meir med.
 
  • Brann, redning og beredskap i ÅLA 
Prosjektgruppa som består av brannsjef i Årdal/Lærdal, brannsjef i Aurland og kommunalsjef i Lærdal har gjennomført 4 prosjektgruppemøter saman med prosjektleiar.
 
Rådmennene er referansegruppe for prosjektet. Oppdraget som prosjektgruppa har fått er følgjande: 
Vurdere og kome med framlegg om fagområde ein kan utvide samarbeide på.
Framlegg til organisering av leiarfunksjonane sett opp mot framlegg til ny forskrift.
Vurdere feieordninga og kome med framlegg til endringar.
 
Prosjektgruppa har kartlagt og fått fram at dei tre kommunane har felles utfordringar knytt opp til det førebyggande arbeidet, herunder planlegging og gjennomføring av feiing og branntilsyn. Det er vedteke feiing av fritidsbustader, men ingen av kommunane har hatt kapasitet til å ta tak i dette enno. Det same gjeld gjennomføring bygningstilsyn iht lovkrav nedfelt i plan- og bygningslova. I mange kommunar er det vanleg at brann- og redningstenesta gjennomfører bygningstilsyn.
 
Prosjektgruppa har vurdert at ei heiltidsstilling som jobbar med førebyggande arbeid, kan imøtekoma desse krava på ein god måte. Ein vurderer at ca 50 % av lønskostnadene kan dekkast gjennom feiegebyr, eventuelt bruk av feiefond og byggesaksgebyr.
 
Ny forskrift som er sendt ut til intern høyring i Justisdepartementet, krev tre heiltidsstillingar innan brann- og redning. Rådmannsutvalet i KS har i desse dagar sendt ut ein prosjektrapport med vurdering av ulike alternativ som fylkessamarbeid opp mot alarmsentralen i Florø, organisering av regionale IKS og regionalt samarbeid med nabokommunar som t.d. ÅLA.
Prosjektgruppa arbeider med å vurdere desse modellane opp mot krav i framlegg til ny forskrift, og vi har mellom anna sett nærare på eit vertskommunesamarbeid i Midt-Telemark mellom kommunane, Nome, Sauherad og Bø. Vi ser også på andre modellar som IKS, eventuelt tilknytning til Sogn Brann- og redning, og gjennomfører vurderingar og konsekvensar ved dei ulike alternativa.
 
Rådmennene som er referansegruppe ønskjer  ein vertskommunemodell  om fagleiarstillingane, og at vertskommuneansvaret vert lagt til ein av kommunane i ÅLA. Det er ei vurdering på at dette skal medverka til at den operative beredskapen ute i kommunane skal bli enno betre enn i dag. Dette er også bakgrunnen for DSB sitt framlegg til ny forskrift.
 
Arild Ingar Lægreid     
Leiar av styringsgruppa/ordførar
Tips ein ven Skriv ut