A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Trekking Årdal ungdomsråd sin BlåsGrønt-aksjon 2018

Blås Grønt aksjon

Årdal Ungdomsråd har saman med lensmannskontoret i mange år hatt ”Blås grønt” aksjon 16. mai. Tiltaket ”Blås grønt” er eit ledd i eit større program (Handlingsplan for folkehelse pkt 1) der eit av måla er å utvikle gode tiltak mot rus.

Ungdomsrådet vil oppmode ungdom til å halde seg edrue natt til 17. mai, og ta del i aksjonen. Dei håpar at ungdom ser og opplever at dei kan ha det gøy og vere ilag med andre utan at dei treng ty til alkohol. Nokon unge debuterer med alkohol denne kvelden og ungdomsrådet håpar at fleire kan velje å vere edrue og utsetje debuten av alkohol.
Vi tykkjer det er viktig å halde denne tradisjonen vedlike og oppmuntre ungdommane til å vere rusfrie lengst mogeleg og gjerne gje nokon ei ”unnskulding” for å halde seg edru.

Vi takker våre sponsorar som gjev gåvene til dette formål og nemner spesielt hovedsponsorane våre:

  • HYDRO-ÅRDAL VERK, som i alle år har støtta BlåsGrønt-aksjonen vår med hovedgevinsten; PC eller nettbrett. Dei er glade for alle som bles grønt og nulltoleransen er heilt i råd med deira retningslinjer innanfor Hydro og dei vil fortsette å støtte aksjonen så lenge vi held på!
  • ÅRDALSNETT som og i år har gjeve oss ein I-pad 32GB!
  • ÅRDAL KJEMISKE, som støtta aksjonen vår med eit verdikort på kr.1.500,-
  • TAKK OG TIL: Årdal Ungdomsråd, Kjedlar'n Fritidsklubb, Klingenberg, Sport1-Sportshuset, MX-sport - Tangen Sport, Årdal Mote, Tisku, O. Hæreid AS, Hårlokken, Frisørstova, Monter Andersen, Vitus Apotek, Nille, Sentersko, Jålebroki, Vriomsveisen, Salong Vendela, Studio S frisør, Best Vee Bensin, Freequent, Mama Mia, Veekiosken, Bunnpris, Kiwi Øvre Årdal, Kiwi Årdalstangen, Rema1000, Gaveriet, Leikebutikken, Indre Sogn Sparebank, Sparebanken S&F, Sparebank1 og Årdal Kino

Så over til dei som har vunne:

  • Kacper Mateja - PC/nettbrett frå Hydro Årdal Verk + gåvekort frå Årdal kino
  • Marte Hollevik - I-pad frå Årdalsnett + gåvekort frå Årdal kino
  • Lasse Aga - Verdikort kr. 1500,- frå Årdal Kjemiske + gåvekort Årdal kino
  • Lasse Moene - "Gutesekken" fylt med stæsj frå ulike forretningar + gavekort frå Årdal kino
  • Camilla Fretheim - "Jentesekken" fylt med stæsj frå ulike forretningar
  • Rehzin Badkan - Bag fylt med stæsj frå ulike forretningar + gåvekort frå Klingenberg og Årdal kino
  • Daniel Myklemyr Nilsen - Bag fylt med stæsj frå ulike forretningar + gåvekort frå Årdal kino
  • Ronja Hovland - Verdikort kr. 500 frå Kjedlar'n Fritidsklubb, stæsj frå ulike forretningar + gåvekort frå Årdal kino
  • Mohamed A. Hassan - Verdikort kr. 500 frå Årdal ungdomsråd, stæsj frå ulike forretningar + gåvekort frå Årdal kino
  • Marius Kleiven - "Snopsekken" og stæsj frå ulike forretningar + gåvekort frå Årdal kino

GRATULERER TIL ALLE! 👏 👏 

Tips ein ven Skriv ut