Ta med ein ven, nabo kollega, mor di eller andre ordensmenneske og bli med på ei skikkeleg våronn, slik at me får rydda bygda for bos.
Søppelsekkar får du utlevert i tenestetorget på rådhuset eller på Gamleskulen i Øvre.
Knyt att bos sekken og lever den på ein av miljøstasjonane i bygda - eller sett han ut i lag med søppeldunken din den dagen bos bilen kjem. Du kan også levera i Geithus eller hjå Sunde resirk.
Miljøstasjonar finn du:
- i Seimsdalen
- Vikadalen ved gamle brannstasjonen (derglaskonteinaren står)
- i Utladalen
- i Saltviki på Tangen
- ved Steinknusaren i Vassbugen
- ved ungdomshuset i Øvre
- på Veesida.
Årdal kommune samlar inn sekker frå miljøstasjonane fredag 4.mai.
Høver ikkje torsdag 3 mai er det lov å tjuvstarte!
Del gjerne skrytebilder av alt bosset du har plukka.
https://www.nrk.no/sognogfjordane/slik-skal-vi-gjere-fylket-reint-1.14021061