A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Hjelpepersonell Årdal legekontor - 90% vikariat

Søknadsfrist 11. desember 2017

Me har ledig:
Legetenesta i Helsehuset Øvre Årdal har ledig 90% vikariat som bioingeniør eller sjukepleiar frå snarast fram til 1. mai
2018, kan bli forlenga.
Det er arbeid på dagtid.

Arbeidsoppgåver:
Me gir opplæring i arbeidsoppgåver som m.a. omfattar prøvetaking, laboratoriearbeid, resepsjonsarbeid, sårstell.

Kvalifikasjonskrav:
Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller bioingeniør.
Erfaring frå tilsvarande arbeid vil verte vektlagt.

Personlege eigenskapar:
Me ønskjer ein person som kan arbeide sjølvstendig i ein hektisk kvardag, der samarbeid, fleksibilitet og service er
sentrale verdiar.

Lønn og tilsettingsvilkår:
Løn etter avtale
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr:
Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø i gode lokale, der me legg vekt på brukarfokus og høg
kvalitet i arbeidet.

Søknadsprosedyre:
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson:
Marit Indrebø, Leiar legekontor, min@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut